Har du vore fortvila?

Eg er sikker på at Maria, i alle fall var nok Josef fortvila, då han ikkje kunne finna ein stad dei kunne overnatta. Maria hadde rier og fødsel nærma seg. Unge var dei og. Josef var nok framleis fortvila då dei berre fekk tak i ein stall. Eg er sikker på at dei begge ba til Gud om hjelp og syntes nok at dei ikkje fekk noko bønnesvar. Ein stall? Ikkje akkurat reint og ikkje akkurat komfortabelt. Kanskje dei kjende seg svikta av Gud? Kor var Han når dei trengde Han som verst? Dei begge hadde jo høyrd englar tala til dei; om at ho skulle føda ein Frelsar for heile folket. Josef kjende nok at han svikta.. Han som skulle ta vare på Maria og barnet. Kanskje Maria ikkje brydde seg på det stadiet, om berre ho fekk ein plass å leggja seg ner, så var det det same. Smertene var sikkert det som fekk oppmerksomheita. Stallen fekk duga.

Jeremy-Winborg-Jesus birthMåla av Jeremy Winborg

Gud har alltid ein genial plan. Ikkje alltid lett å sjå det i vanskelege, fortvilande stunder.

IMG_5040Kopp eg har fått i gåve

Det trøystar meg, at det som ser vanskeleg ut, det kan Gud bruka slik at det blir noko spesielt fint ut av det. Tenk at hyrdane var dei fysste som fekk sjå Jesus, Kongenes Konge! Hyrdar som var dei lavaste av status. Dei fekk og sjå ein hær av englar! Som spelte og song! Han fekk lam i gåve. Han som skulle bli Lammet som vart ofra, ein gong for alle.

Jesus fekk ei vanskeleg start på livet og ein endå vanskelegare ende på livet. Men Gud hadde full kontroll heile tida. Takk og lov. Godt Jesus stola mykje på sin Far at han gjekk villig inn i det som låg framføre, tross han ba om å få sleppe, om det var mogleg.

Jesus var kjend med smerte, det les vi i Bibelen. Han kan forstå mi smerte. Han vende seg ofte til sin Far. Det gjer eg og; til min Himmelske Far. Eg kjenner eg ikkje forstår alt. Men Han lovar at han har framtid og håp. Eg set mi lit til Han. Han har og makt til å lekja.

Takk for stallen. Takk for Korset. Takk for ein genial plan. Takk for trøyst. Takk for styrke. Takk for godleik. Takk for glede. Takk for fred.

Nokon lurar på korleis det går med mi helsa: Framleis smerter og svak i bein og venstre arm. Framleis rullestol ved lengre avstander.(15 meter) Nevrolog seier at det kan ta lang tid. Det er påvist aktiv betennelse i hjernen på MR. Eg går til fysikalsk behandling på ein sjukeheim, det tar på for kroppen å sitja mykje. Eg har opplevd legedom som ved miraklar eg berre kan takka Gud for. Eg ventar på eit nytt eit. Om det tek lang tid, eller kort veit berre Gud. Han har lova å vere med kvar dag.

IMG_5024

Gåvekaos i heimen. Mor sit i trappa og ventar på “sherpaen” som skal bere ho på ryggen.

 IMG_5026God Jul ifrå meg.Bilete ifrå kroken ved døra.Ei venninne pynta for meg (Takk! Ikkje alt mannen kan gjere!) mens eg la opp kjolen hennar. Mykje kan gjerast sitjande.

(Ja har byrja å skriva nynorsk. Åra på austlandet gjorde skriftspråket mitt til bokmål. Men no har eg arbeidd på nynorskskule i bygda. Strilatalemålet er ogr på plass att; her forstår dei da;)

5 thoughts on “Har du vore fortvila?

  1. Nesten så jeg får lyst til å skrive på nynorsk jeg også når
    jeg leser det. Det er jo fint, og jeg voks også opp med å ha det
    som hovudmål. Godt at du har noen som kan hjelpe deg med ting.
    Og godt at du beholder trua på at Gud vil helbrede deg.
    Er ikke alltid like lett i lengden. Men vi har jo egentlig ikke noe valg.
    For det er jo det han sier, at vi skal bli friske.
    Har deg med på mi bønneliste,
    Ha ei velsignet god julehøytid 🙂

  2. Takk for en herlig andakt! 🙂
    Gud velsigne deg, det er så godt å lese hvordan du har satt din lit til Herren.
    Ønsker deg og dine en velsignet god jul!

Leave a comment