Tips til gode kanelsnurrer

IMG_5606Oppskrift til kanelsnurrer er berre å goggle. Eg kikka litt på Trines matblogg sin for å sjå korleis ein snurrar dei. Eg er van med skillingsbollar, men var på Geilo, på Highland Lodge og smakte nokre fantastisk gode kanelsnurrar! Fekk lyst å baka slike. (Pga helsa  mi; Myykje smerter i beina, brukte eg ferdig blanda mjøl til bollar, det gjekk fint. Anbefalast!)

IMG_5592 Mitt tips, som eg alltid har gjort når eg baka glutenfrie bollar (dei kan vere vanskelige å få luftige) er å røra gjæren ut i det varme vatnet, i lag med ei ts sukker. Lat det stå, hels til det har blitt dobbelt så mykje(slik “skum” som du kan sjå på bilete) Dette gjer bollane veldig luftige.Du kan bruke fersk eller tørr gjær. OG tips fra Trine igjen: ha smøret i på slutten av eltinga, ikkje smelta, men romtemperert. IMG_5597    Kjevle ut anten ein stor rektangel som du tek meierismør på og kanel og sukker berre på halve og bretter, eller to rektanglar der du tek fyllet på den eine og legg den andre oppå.

IMG_5594Pensle dei med romtemperert egg og strø på perlesukker før steiking.

Mor på sin stol med hjul. Snart får eg motor på rullestolen eg har då eg er på ekspedisjonar, som på handlesenteret. Denne dagen og, var ein god dag. Bruk energien på noko som gjer deg glad! Da gjer ingenting om det ikke er reint og ryddig. I dag har eg hatt ei god venninne på besøk, ein flyktning, ho har støvsugd for meg. Å, det var fint gjort! God helg

(Har ikkje blogga på lenge nei. Det er nok helsa som har gjort det. Tålmod er noko eg trenar i. Og uthaldenheit.Men eg er aktiv på Instagram: rosaroseblogg)

IMG_5040